Få ein smakebit av Vestlandet
Servering
Velkomen til restauranten vår som tilbyr både internasjonale rettar og lokale spesialitetar. Her får du mat basert på lokale råvarer med spennande smakar som matchar den dramatiske naturen som omkrinsar hotellet vårt. Vi har plass til om lag 150 gjester til bords og over 300 personar når vi byr på stor dans.
Bar og restaurant er tilknytt eit flott uteområde med paviljongar og hotellhage som vender mot sjøen. I hotellhagen blir det bygd leikeområde for barn med sjørøverskute, og vi har òg planar for framtidig basseng. Ta kontakt med oss dersom du ønsker å arrangere bryllaup, konfirmasjon eller andre selskap og arrangement.
Velkomen til ein liten smakebit av Vestlandet!
Kafé og leikekrok
Kafeen vår er eit samlingspunkt i bygda i tillegg til å tilby god mat og drikke til folk som vil ha seg eit kjapt måltid i trivlege omgjevnader. Vegg i vegg med Bremanger folkebibliotek kan ein nyte eit godt måltid med ei god bok i handa eller berre nyte den gode atmosfæren i kafeen. Leikekroken vår er ein populær stad for dei minste med klatrevegg og mykje moro. Og ikkje minst for dei vaksne som kan nyte ein god kopp kaffi medan borna leikar og har det kjekt.
Velkomen til den trivelege møteplassen i hjartet av Bremanger!