HAV, FJORD OG BRE PÅ SAMME DAG

Hornelen og området rundt er ei sjeldan perle i Noreg som stadig fleire får augene opp for. Likevel er det framleis ein eksotisk destinasjon med mange skattar som du og familien kan oppleve med utgangspunkt i Bremanger Fjordhotell i Svelgen. Lat deg inspirere av alt du kan finne på på denne sida her og ta kontakt for tidenes kjekkaste Noregsferie!

Stor hotellhage

Bremanger Fjordhotell har ein stor hotellhage med plass for bubilcamping. Ta kontakt for pris og moglegheiter for deg!

Kafé og restaurant

Velkomen til kaféen eller restauranten vår som tilbyr både internasjonale rettar og lokale spesialitetar. Her får du mat basert på lokale råvarer med spennande smakar som matchar den dramatiske naturen som omkrinsar hotellet vårt.

Leikerom

Leikerommet vårt er ein populær stad for dei minste med klatrevegg og mykje moro. Og ikkje minst for dei vaksne som kan nyte ein god kopp kaffi medan borna leikar og har det kjekt.

Treningsenter med sauna

Bremanger Fjordhotell har eit topp moderne treningssenter med dusjfasilitetar og sauna. Her kan du slappe av og få ny energi til nye eventyr.

Aktivitetar og opplevingar

i nærleiken av Bremanger Fjordhotell

Opplevingar i Bremanger

Bremanger Fjordhotell er det næraste hotellet til den majestetiske Hornelen! Med utgangspunkt i hotellet vårt kan du oppleve alt det flotte regionen vår har å tilby, frå kystkulturen i Kalvåg, industrisamfunnet Svelgen, hjortebygda Ålfoten, den mektige sjøklippa Hornelen, kystbyane Florø og Måløy, vikingsetet Nordfjordeid og mykje meir. Få andre stader ligg så nær så mange spektakulære attraksjonar som Bremanger Fjordhotell!

Her gjev vi deg inspirasjon til opplevingar i Bremanger, opplevingar heilt i nærområdet til hotellet og opplevingar i nabokommunane i Nordfjord og Sunnfjord.

Hornelen – Europas høgste sjøklippe

Om lag 25 minutt køyretur frå Bremanger Fjordhotell finn du startpunkt til den spektakulære turen til Hornelen, Europas høgaste sjøklippe som ragar 860 meter over havet. Hornelen kan nåast anten frå Berle eller Hunskår. Frå Berle går turen i slakkare terreng. Frå Hunskår er turen brattare, men det er bygd flotte trapper i stien for første del av turen. Nokre vel å gå opp frå Hunskår og ned att til Berle. Ein treng då transport tilbake til Hunskår for å hente parkerte bilar. Bremanger Fjordhotell kan ordne med guide om dette er ønskjeleg, og/eller bidra med transport-løysingar. Utsikta på toppen er fantastisk.

Ålfotbreen landskapsvernområde – eit eldorado for fjellvandrarar

Ålfotbreen landskapsvernområde ligg like vel Bremanger Fjordhotell og det er eit område på heile 226 kvadratkilometer som vart verna 9. januar 2009. Ålfotbreen landskapsvernområde har dei vestlegaste og mest havpåverka isbreane i landet. Her er dessutan ein særs interessant geologi med devonske bergartar. Dette fjellområdet kan nåast direkte med start frå Svelgen og Bremanger Fjordhotell, Det finst ei mengde ulike turvariantar og alternativ for å komme opp i dette ulike natur- og fjellområdet. Det var her den vidgjetne Slingsby vandra mykje i hine hårde dage.

Kjente toppar er:

Saga – 1318 meter over havet

Plogen – 1357 meter over havet

Keipen – 1362 meter over havet

Les meir her!

Vetvika – eit strandparadis

Bremanger Fjordhotell ligg heilt ute ved kysten, der det er mange perler Ei av perlene er Vetvika. Vetvika er ein populær stad med kritkvit sand og djupe fjell, så det er ikkje rart at folk reiser dit. Vil du utforske Bremanger er dette eitt av mange reisemål vi i Bremanger Fjordhotell varmt tilrår. For å kome dit blir det en gåtur på 2 timer frå du parkerer bilen, men det er absolutt verdt turen. Du kan òg kome deg ut der med båt, så moglegheitene er mange.

Risevatnet

Ein kort spaser tur frå hotellet kjem du til ein gamal anleggsvei som går 5 km langs det idylliske Risevatnet. Vegen går i slagt terreng dei fyrste 4 km og litt meir stigning den siste delen av turen. Her er fint både å gå og sykle i ein mektig og flott natur. Dette er eitt av fleire startpunkt for vidare tur mot Keipen, Hjelmen og det unike området som er ein del av Ålfotebreen-landskapsvernområdet.

Ålfotedalen og Myklebustsætra

Midt imellom den 3 mil lange køyreturen mellom Svelgen og Ålfoten finn du Myklebustsætra i Ålfoten som er verdt eit besøk.

Vingen – helleristningsfelt

Eitt av dei mest populære helleristningsfelta i Europa finn du i Bremanger, nemleg Vingen Helleristningsfelt. Feltet ligg ein kort tur frå Bremanger Fjordhotell. Her må du bestille guida tur der du kan oppleve mykje spennande historie for både store og små. Dei mange hjortedyra i Vingen definerer ristningane som veidekunst og knyt dei til perioden 9000-2000 f.Kr. Ein kan òg sjå på dei arkeologiske undersøkingane i nokre av tuftene. Desse er synleg i bakken som runde eller ovale søkk med låge vollar av stein eller lausmassar. Nokre av dei arkeologiske undersøkingane har avdekka gjenstandar og trekol datert til eldre steinalder, nærare bestemt 5000-4000 f.Kr.

Tongane kystfort – spennande krigshistorie

Området rundt Bremanger Fjordhotell er full av krigshistorie. Om du er interessert i krigshistorie frå Den andre verdskrigen så er Tongane Kystfort en attraksjon ein berre må oppleve. Hausten 1940 starta den tyske marinen bygging av eit kystfort på vestspissen av Rugsundøy. Kanonane på kystfortet skulle nå mål på Vågsfjorden, og sperre innseglinga til Måløy og Nordfjord. Fleire av brakkene i området fekk sentralfyring, innlagt vatn og elektrisk lys frå straumaggregat. Etter kapitulasjonen gjekk batteriet inn i det norske kystartilleriet under namnet Rugsundøy Fort. Rundt 1950 vart fortet endeleg nedlagt. Ein av kanonane vart ståande att saman med mannskapsmessa som i åra etter krigen har vore brukt til forsamlingslokale.

Les meir her!

Grotlesanden – ei draumestrand

Grotlesanden er ein av dei mest populære sandstrendene i Bremanger, berre ein kort køyretur frå Bremanger Fjordhotell. Her er det silkemjuk kvit sandstrand så langt auget rekk. Sjølv om det på «rivieraen» frå Hauge ut til Grotle er mange forskjellige små og store strender, så er det Grotlesanden som er den største og flottaste.

Hjortegarden

Ønskjer du å oppleve den vidgjetne hjorten i Bremanger på nært hald så er Hjortegarden i Ålfoten ein spennende attraksjon. Ålfoten ligg ein kort køyretur frå Bremanger Fjordhotell. Hjortegarden er ikkje berre hjort, men dei tilbyr òg matservering og andre aktivitetar. Hjortegarden er så tett på naturen som det er mogleg. Dei har fokus på natur, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskaping. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til snaufjellet og den store Ålfotbreen.

www.hjortegarden.no

Klatreparken

Ønskjer du å benytte dagen nær Bremanger Fjordhotell, så er det moglegheiter for mykje moro på Mestringsgården Klatrepark. Dette er ein attraksjon som passar for folk i alle aldrar. Sjølve parken nyttast mykje til skoleutflukter, bedriftsreise og ikkje minst bursdagsfeiringar. Her er det mykje å finne på!

Sjøfiske

Bremanger Fjordhotell har eigen båt til utlån. I tillegg samarbeider vi med Bremanger sjøbuder for utleige av båt. Ta kontakt med hotellet så lagar vi eit opplegg!

Ferskvassfiske

Bremanger Fjordhotell ligg sentralt plassert i forhold til mange gode stader for ferskvassfiske i kort avstand frå hotellet, til dømes i Ålfotdalen. Ta kontakt med oss så hjelper vi deg.

Laksefiske / sjøaure

Det er gode moglegheiter for å fiske etter laks og sjøaure i Bremanger, og vi på Bremanger Fjordhotell kan hjelpe deg med å legge til rette for dette. Indrehuselva er ein av mange stader å velje i. Ta kontakt!

Vinterturar

Bremanger Fjordhotell er eit godt utgangspunkt for turar både i sommarhalvåret og ikkje minst i vinterhalvåret! Det er skiløyper i nærleiken i Myklebustdalen og det er kort veg til mellom andre Harpefossen skisenter. Ta kontakt for meir informasjon!

Tur med båt, kano, kajakk og sykkel

Det er mange gode moglegheiter for flotte turar med båt, kano, kajakk og sykkel i nærområdet både på og rundt sjø og fiskevatn. Bildet er her frå det flotte Risevatnet i Svelgen. Du kan leige utstyr hos Bremanger Fjordhotell, ta kontakt så hjelper vi deg med det du treng.

Ørnesafari

Bremanger er kjent for eit rikt dyre- og fugleliv, og Bremanger Fjordhotell er eit godt utgangspunkt for å oppleve artsmangfaldet på nært hald. Ørna er ein av dei mest spektakulære fuglane vi har i Noreg og kan opplevast innan kort radius frå Bremanger Fjordhotell. Ta kontakt for meir informasjon!

Foto: www.visitnorway.no

Kråkenes fyr

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Kråkenes. Om du har lyst til å oppleve det opne havet så er Kråkenes Fyr in turistattraksjon for deg! Her får du verkeleg oppleve kva Vestlandet har å by på når det kjem til vêr, vind, bølgjer og panoramautsikt. Her er det ikkje berre Fyret som er ein attraksjon, men like mykje vêret og naturen rundt!

Foto: www.visitnorway.no

Hendanes Fyr

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Hendanes. Ytst på Færestrand i Kinn kommune finner du Hendanes Fyr. Her har dei fiksa stien som går opp mot fyret og dette har gjort Hendanes til ein veldig populær stad å besøke i det siste! Det er ikkje rart at fleire tek seg turen dit for landskapet er majestetisk!

Måløyraidsenteret

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Måløy. Måløyraidsenteret er eit museum og eit minnesmerke over det store krigsslaget som stod i Måløy i romjula 1941. Senteret stod klart for opning 23. august 2018 der kronprinsparet stod for den offisielle opninga. Senteret har sidan vore ein populær attraksjon for turistar, skuleklassar og elles lokale som er interessert i den spennande historien om hendingane som skjedde under Den andre verdskrigen.

Loen Skylift

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Loen. Om du vil kombinere utsikt over Nordfjord med deilig mat på restaurant så er Loen Skylift staden å besøke! Dette unike anlegget med den bratte taubana stod ferdig 20. mai 2017 og har sidan den gongen tiltrekt seg både langvegsfarande turistar og lokale besøkande. Hwer kan du òg gå via ferrata opp til restauranten på Hoven.

Sagastad

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Nordfjordeid. Sagastad er et kunnskapssenter på Nordfjordeid som formidlar vikinghistorie. På Nordfjordeid er det mykje spennande å ta tak i frå den tida. Myklebustskipet er ein viktig grunn til at Sagastad vart etablert. Dette vikingskipet er det største som nokon gong er funne spor av, og Sagastad viser fram ein replika av dette enorme skipet frå vikingtida.

Les meir her!

Badeland i Florø

Ein kort reisetur frå Bremanger Fjordhotell tek deg til Florø. Havhesten badeland er eit stort badeanlegg i Florø med fasilitetar for heile familien. Der er i tillegg eit godt treningsanlegg. Ta deg ein dukkert i behageleg temperatur!

Les meir her!

Kalvåg

Vest for Bremanger Fjordhotell ligg Kalvåg, ei vakker bygd i Ytre Bremanger med eit flott sjøhusmiljø, rorbuer og flotte turmoglegheiter. Knutholmen er ein flott stad å besøke for å oppleve god sjømat og god atmosfære med ekte bremangersk gjestfridom.

Kinn og Svanøy

Sør for Bremanger Fjordhotell ligg attraksjonar som øyene Kinn og Svanøy. Kinn kan freiste med unik natur og ei flott kyrkje med historisk sus. Svanøy har ein flott hovudgard og eit spennande hjortesenter som tilbyr opplevingar for store og små.

Fagre Stryn

Aust for Bremanger Fjordhotell ligg Fagre Stryn, med dei mange attraksjonane sine. Her kan du oppleve Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen, besøke Stryn Sommarskisenter og få med deg all den flotte naturen som Indre Nordfjord har å tilby både landevegsfarande og cruise-turistar. Hotellet vårt er eit godt utgangspunkt for dagsturar til Stryn.

UNESCO verdsarvområde

Bremanger Fjordhotell ligg midt i det vestlandske fjordlandskapet som ligg på UNESCO si verdsarvliste, representert ved Nærøyfjorden i Sogn sør for oss og Geiranger på Sunnmøre nord for oss. Hotellet vårt er såleis eit godt utgangspunkt for å oppleve begge dei flotte verdsarvfjordane med dagsutflukter frå hotellet.

Nettside levert av Frequency.no